Framsida
Samarbeidspartnarar

Svar på Questback Finanskrisa

33 medlemmer i Stord Næringsråd responderte på  spørjeundersøkinga (questbacken) iførste veka i juni vedkommande finanskrisa
 
 
 

I samarbeid med Næringsalliansen har Stord Næringsråd (SNR) i førte veka i juni i år foretatt ei ny spørjeundersøking  blant  sine medlemmer om eventuelle  verknader av finanskrisa.

33 medlemmer i Stord Næringsråd, fordelt over dei fleste bransjar responderte på undersøkinga. Av medlemmene til Stord Næringsråd som har svart melder;

9,1% at dei ikkje er påverka, 21,2% påverka i liten grad, 30,3% litt påverka, 21,2% ganske påverka og 18,2% i betydelig grad påverka. Når me samanliknar desse tallene med spørjeundersøkinga som var gjort i mai 2009, ser me at det er langt fleira som er i betydelig grad påverka av finanskrisa no enn for et år sidan.

Det er redusert omsetnad (62,1% av dei som svarar) og bortfall av ordrer (41,4% av dei som svarar), som har påverka verksemdene mest.  Heile 23,3% melder at dei har hatt ein svikt i omsetnaden på mellom 26-49%.

Samstundes ser me også at heile 16,7% av dei spurte har hatt økt omsetnad. Dette er svært positivt, og her peikar Stord seg ut samanlikna med snitt-tala for Næringsalliansen, kor det er 6,8% av dei spurte som har hatt auka omsetnad.

21,2% melder at finanskrisa har medført at det er færre tilsette i deira verksemd. Dette er lavare enn snitt-tala i Næringsalliansen, kor heile 40,6% melder om færre tilsette i si verksemd.

I eit perspektiv på 6-12 månader fram i tid trur heile 69,7% at  det ikkje vert reduksjonar av tilsette, medan 15,2% trur det vert reduksjonar på mindre enn 10%.  9,1% trur det vert reduksjonar på mellom 10-25% og det er også eit par bedrifter som trur det kan verta over 26% og 50% reduksjon i talet på tilsette.

Samanlikna med spørjeundersøkinga me gjorde blant medlemmene i  Stord Næringsråd for et år sidan, er det optimisme å spora. Det er langt fleire som no trur det ikkje vert reduksjonar i talet tilsette i si verksemd, 69,7% mot 55,9% i fjor.

år me spør om verksemdene har kunna gjere seg nytte av tiltaka som er kommen som følgje av krisepakkane, er det ikkje ei verksemde som melder positivt på dette spørsmålet. Alle 33 verksemdene svarar Nei. Dette kan tyda på at den såkalla Verftspakken ikkje har hatt noko effekt so langt.

Medlemmene fekk óg spørsmål om den økonomiske situasjonen i Europa og PIIGS-landene (Portugal, Irland, Italia, Greece, Spania) hadde innverknad på deira verksemd. Her svara heile 69,7% at det i liten grad verka inn.

Verksemdene melder at manglande tilgang på nye  oppdrag er den største utfordringa for deira verksemd nett no (60% av dei som svara).

Når det gjeld utfordringar knytt til kapital og kreditt, melder 40,9% av dei som svara at mangel på likviditet er den største utfordringa. På spørsmål om korleis prisnivået på kapital vert opplevd, svarar 46,7% at det er redusert frå toppnivået, mens 13,3% svarar at dei opplever det framleis er på det høgaste nivået.

Heile spørjeundersøkinga med svara frå medlemmene i Stord Næringsråd kan du lasta ned her; 

 

Dei samla talene for heila Næringsalliansen kan du lasta ned her

 

For ytterlegare kommentarar  eller spørsmål, ta kontakt med underteikna.

 

Anne-Grete Sandtorv

Dagleg leiar

Stord Næringsråd

mob.0047  901 45 458

 

 
Klikk på bilete for full storleik
Næringsalliansen
 
 
  Tilbake

 
Dette skjer i vår
SNR sine innspel til oppgradering av E39 med tilførselsvegar...
Les meir [06.09.2010]
SNR sine innspel til Detaljreguleringsplan Evjestrand
Les meir [06.09.2010]
Frukostmøte 23.september
Les meir [27.08.2010]
Kurs for industrien ved HSH
Les meir [20.08.2010]
Delegasjonsreise til Rio 11.- 17. september
Les meir [19.08.2010]
Svar på Questback Finanskrisa
Les meir [10.06.2010]
Oppsummering frukostmøte 20. mai
Les meir [28.04.2010]
Gamle
Lenker
Stord Næringsråd - Postboks 529 - 5403 STORD - Telefon: 53 41 69 96 - Faks: 53 41 33 44