Framsida
Samarbeidspartnarar

Samarbeid Skule Arbeidsliv inviterer


Invitasjon til møtet Samarbeid Skule Arbeidsliv
 
 

Samarbeid Skule Arbeidsliv i Stord kommune vil ha sitt neste møte i tilknytning til Utdanningsmessa på Vikahaugane  20. januar. I tillegg til dei som er med i Samarbeid Skule Arbeidsliv, inviterer me denne gangen også lærarar og rådgjevarar, samt skuleeigarane i Sunnhordland ved ordførarar.

 

Tid:                        Onsdag 20. januar kl. 14.00 – 15.30

Stad:                     Auditoriet i Stord Idrettspark på Vikahaugane

 

Til møtet har me fått med to eksterne foredragshaldarar. Tanken er at desse skal gje oss inspirasjon og informasjon om korleis me kan utvikla samarbeidet Skule Arbeidsliv, i tillegg til informasjon om verktøy som er tilgjengeleg bl.a. utanfor det formelle skulesystemet. Stort fråfall i Vidaregåande skule er ei stor utfordring me må løysa i saman.

·         Tore August Bauer-Nilsen -  rådgiver Haugaland Vekst IKS, og leder for funksjonen Haugalandet Skole – Arbeidsliv.

Han vil fortelja om korleis dei samarbeider Skule Arbeidsliv på Haugalandet.

 

·         Barbara Harterink - Regional koordinator ved Europakontoret.

Ho vil presentera programmet Aktiv Ungdom – EU sitt program for ikkje-formell læring retta mot ungdom mellom 13-30 år. Sjå;  www.aktivungdom.eu

Avslutningvis vil dagleg leiar for Samarbeidsrådet i Sunnhordland gje ein kort orientering om prosjektmidler;  Saman i Sunnhordland
 
 
 
  Tilbake

 
Dette skjer i vår
SNR sine innspel til oppgradering av E39 med tilførselsvegar...
Les meir [06.09.2010]
SNR sine innspel til Detaljreguleringsplan Evjestrand
Les meir [06.09.2010]
Frukostmøte 23.september
Les meir [27.08.2010]
Kurs for industrien ved HSH
Les meir [20.08.2010]
Delegasjonsreise til Rio 11.- 17. september
Les meir [19.08.2010]
Svar på Questback Finanskrisa
Les meir [10.06.2010]
Oppsummering frukostmøte 20. mai
Les meir [28.04.2010]
Gamle
Lenker
Stord Næringsråd - Postboks 529 - 5403 STORD - Telefon: 53 41 69 96 - Faks: 53 41 33 44