Framsida
Samarbeidspartnarar

Oppsummering frukostmøte 15.desember

Klikk på bilete for full storleik
Magne Heimvik SKL
 


Frukostmøte 15. desember var i regi av hovudsamarbbeidspartnar SKL.

 
Energimarknaden og SKL si rolle - kva betyr det for oss på Stord
v/ konsernsjef Magne Heimvik
 
 

Nærare 40 deltakarar møtte på frukostmøte 15. desember på Stord Hotell. Etter ein god frukost i spisesalen starta møte i Oseberg kl.08.30.

 
Haakon Vatle Stordfest

Haakon Vatle og Stordfest var først ute med sin presentasjon av selskapet. Kva strategiar dei jobbar etter, og planane mot neste Stordfest som vert i 2013. Han understreka at det er eit langsiktig arbeid, og prinsippet om å byggja stein på stein gjer resultat. Haakon oppfordra næringslivet til å vera med å byggja opp under kulturarrangemanga ved bl.a. å gje billettar til tilsetta o.l. Stordfest 2013 treng næringslivet med på laget, og SKL er klar som Generalsponsor. Håkon Vatle sin presentasjon finn du her.

 

Konsernsjef SKL, Magne Heimvik tok oss gjennom konsernet sin utvikling, spesielt veksten og strategien som har vore dei siste 5 åra. Selskapet har vokst frå 35 - 113 tilsette på Stord, og alt i alt er det 140 tilsette i selskapet i dag. Veldig stor del av aktiviteten er utanfor Stord, men Stordsamfunnet nyt godt av å ha ein slik stor og stabil aktør i kommunen. Heile 300 millionar vil verta investert dei nærmaste årene.

 

Magne gjekk gjennom strukturen for Elsertifisering, korleis tilbod og etterspørsel regulerer strømprisen, SKL si rolle i småkraftutbbygging, og understreka ikkje minst leveringssikkerhet som eit viktig mål i seg sjølv for selskapet.

 

Forventningar og rammevilkår for SKL sin virksomhet vert lagt i Brussel ettersom det er EØS-avtalen som regulerer strategiane for energisatsinga; Fram mot 2012 skal 20% av energibehovet komma frå fornybar energi, ein skal ha 20% meir effektiv energibruk og 20% lavare CO 2 utslepp.

Det er viktig at norsk energipolitikk ikkje vert fragmentert, men at det er klare signal og mål frå regjeringa si side, slik at politikken heng saman, og at ein får aksept for nødvendige utbyggingar.

 

Å rekruttera nok arbeidskraft med Bachelor og Mastergrad vert for SKL, på lik linje med andre industriaktører på Stord og i regionen, ei av dei største utfordringane dei neste åra. Her er det viktig at me gjer et felles løft.

 
 

Heile presentasjonen til Magne Heimvik kan du henta her. 

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Deltakarane frukostmøte
 
 
  Tilbake

 
Dette skjer i vinter
Det går eit rykte...Ibox inviterer til omdømmeforedrag
Les meir [22.02.2012]
Oppsummering frukostmøte 17.februar
Les meir [03.02.2012]
HSH inviterer til samtidsdagar og støttekonsert
Les meir [17.01.2012]
Invitasjon - Næringslivet trenger fagarbeidere....
Les meir [11.01.2012]
Invitasjon til miniseminar på Utdanningsmessa
Les meir [11.01.2012]
Julehelsing frå Stord Næringsråd
Les meir [22.12.2011]
Oppsummering frukostmøte 15.desember
Les meir [16.12.2011]
Gamle
Lenker
Stord Næringsråd - Postboks 529 - 5403 STORD - Telefon: 53 41 69 96